Gjennom trusopplæringstiltak ønskjer me å vere ei tydeleg kyrkje der alle born og unge får hjelp til å bli kjent med Gud, og leve livet sitt i tru, håp og kjærleik. Gjennom alderstilpassa opplegg ønskjer kyrkja å vere ein medspelar og ressurs for foreldra i den kristne oppsedinga.
Velkommen til babysong på Lye forsamlingshus. Babysong er for born i alderen 0-1 år. Påmelding til babysong våren 2025 her. ...
Les meir
Velkommen til babysong på Lye forsamlingshus. Babysong er for born i alderen 0-1 år. Påmelding til babysong våren 2025 her.
Me inviterer 2-åringane til ein spennande undretur i kyrkja.
Velkommen til Krøllekveld for 3-åringar. Dette er ei hyggeleg stund i kyrkja for deg og barnet ditt med song, rørsle, forteljing og sosialt samvær. Saman skal me lesa og høyra ei forteljing om ein liten sau som gjekk seg vill.
Me ønskjer å gje alle 4-åringar ei flott bok i gåve: " Bibelen for barn".
Me har ein eigen adventsklubb med ei samling for 5-åringane.
Alle som går i første klasse er velkommen til å bli med oss å finne utav det aller, aller, aller største PÅSKEMYSTERIET! B li med oss å oppklara det store påskemysteriet! Kva skjedde eigentleg i påska?
Om våren vil me invitera alle 2. klassingar til å vera med på ei «Superheltsamling».
Treng du ein Plan-B? Me inviterer sjuåringane til ein kjekk dag i kyrkja ein av planleggingsdagane i skuleåret. Tema for dagen er skaparverket: "Gud skapar - me lagar"
Som Tårnagentar løyser born oppdrag og mysterium og utforskar kyrkja, klokkene og kyrkjetårnet I januar kvart år inviterer me alle 3. klassingar til tårnagentsamling og tårnagentgudsteneste.
I august/septemberer det Tweens kick-off for alle tweens i Time, Undheim og Bryne - for 4. klasse og oppover.
Sjetteklassingane vert inviterte til seinkveld i kyrkja, med gudsteneste dagen etterpå.
I Brynekyrkja får du invitasjon til Newbie , i Time vert du invitert til 7. klassefest på Lye forsamlingshus , og på Undheim vert det 7. klassefest i kyrkja der.
Velkommen til påskenatt i Time kyrkje! Påskenattsgudstenesta formidlar det store i at Jesus døydde på korset, sigra over døden og stod opp igjen.