Søndagsskule i Time kyrkje


Søndagsskulen i Time kyrkje er ein del av Søndagsskulen i Noreg.

Me har søndagsskule så godt som kvar gong det er dåpsgudsteneste. Ungane er med i gudstenesta med dei vaksne fram til dåpen er ferdig. Etterpå får ungane eige opplegg på kyrkjetorget som ligg i same bygg som kyrkja. Dei ungane som treng det kan ha følgje med ein vaksen eller eldre sysken.

Desse søndagane er det søndagsskule hausten 2025:

7. september
5. oktober
2. november
30. november
 

Velkommen til søndagsskule!