Krøllekveld - 3 år


Velkommen til Krøllekveld for 3-åringar. Dette er ei hyggeleg stund i kyrkja for deg og barnet ditt med song, rørsle, forteljing og sosialt samvær. Saman skal me lesa og høyra ei forteljing om ein liten sau som gjekk seg vill. 

Illustrasjonsteikning - mann med lam (Krølle)

Kyrkja ynskjer å støtta og hjelpa foreldre og fadrar i å oppdra barnet i den kristne trua, slik de sa ja til då barnet vart døypt. Det er dette trusopplæring handlar om. Krøllekveld er difor ein av fleire samlingar kyrkja tilbyr i denne samanhengen.

Gjennom Krøllekvelden ynskjer me å gi foreldre og fadrar lyst til å lesa og reflektera med barna rundt mange av dei spennande forteljingane ein finn i Bibelen.

Me oppmodar særleg fadrar til å bli med i kyrkja denne dagen.

Datoar hausten 2025:
Undheim kyrkje 1. september kl. 17
Time kyrkje 2. september kl. 17
Bryne kyrkje 3. september kl. 17

 

Påmelding til krøllekveld hausten 2025 her.

 

Velkommen!

Tilbake