Babysong 0-1 år


Påmelding til babysong på Bryne, Time og Undheim

 

Babysong er for born i alderen 0-1 år. 

BABYSONG UNDHEIM

I Undheim kyrkje har me babysong annakvar onsdag i oddetalsveker. Me samlast i kyrkjesalen frå kl. 10.30.

BABYSONG LYE

Babysong er ein del av tilbodet til Lykkeliten open barnehage på Lye forsamlingshus. Lykkeliten har ope annakvar onsdag (partalsveker) mellom kl. 10-12. Babysong startar ca kl. 10.30.

LES MEIR OM LYKKELITEN HER


Samlingane varer omlag ein halvtime, og inneheld blant anna namnesongar, kristne songar, rim og regler og dans. Me varierer mellom å sitja og liggja på golvet og å stå og dansa i ring. Songstunda er eit godt høve for foreldre til å få kontakt med barna. Song og musikk er viktig for barnet, og di stemme er den finaste babyen veit.

BABYSONG BRYNE

På Bryne har me babysong-kurs over ca. 8 gonger kvar gong. Det er påmelding til kursa. Les meir om babysong på Bryne her.

Velkommen til ei hyggjeleg stund for deg og babyen med song, rørsle og sosialt samvær .

Tilbake