I august er det Tweens kick-off i Bryne kyrkje for alle tweens i Time, Undheim og Bryne - for 5. klasse og oppover.
Me sender ut invitasjon til alle som går i 5. klasse. Då vert du invitert til å koma på ein felles Tweens kick-off, i Bryne kyrkje.
Dette er ein «happening» der me samlar alle tweens frå Bryne, Time og Undheim. Me vil mellom anna presentere kva for aktivitetar de kan få vera med på i kyrkjene våre. TT-koret blir med og syng og det blir pizzafest. Sjølvaste Zigmania bli med oss og har eit fantastisk show med mange kjekke eksperiment. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Dato: 28. august kl. 17.30
Påmelding til Tweens kickoff hausten 2025 her.