Born og unge


Me ønskjer å vere ei tydeleg kyrkje der alle born og unge får hjelp til å bli kjent med Gud, og leve livet sitt i tru, håp og kjærleik. Gjennom alderstilpassa opplegg ønskjer kyrkja å vere ein medspelar og ressurs for foreldra i den kristne oppsedinga. 

På Lye forsamlingshus og i Time kyrkje har me både kontinuerleg arbeid for born og unge, og me har trusopplæringsarbeid der borna får invitasjon til ulike arrangement omlag ein gong i året. Me har tilbod for dei heilt minste og heilt opp i ungdomsalder. Velkommen til å vera med på det kjekke som skjer i kyrkjelydane våre!