Me ønskjer å gje alle 4-åringar ei flott bok i gåve: "Bibelen for barn".
Her er det mange spennande forteljingar og flotte bilete å sjå på. Velkommen til familiegudsteneste der 4-åringane får vere i fokus. Her får de høyre ei forteljing frå barnebibelen og 4-åringane får komme fram og ta i mot kvar sin bibel. På gudstenesta vil de og få sjå og høyre om andre tilbod barna kan få vere med på i kyrkjelyden.
Me håpar de vil bruke barnebibelen i heimen i etterkant. Foreldre og føresette er dei viktigaste til å formidle kristen tru og tradisjon til barna. Me håpar denne barnebibelen kan gje mange gode opplevingar og samtalar.
Velkommen til gudsteneste!