Vil du gi til arbeidet?


Vi treng fleire faste givarar. Tusen takk for støtta!

Penger i krukker - nye planter spirer

Gi til arbeidet generelt her.

Gi til barne- og ungdomsarbeider her.

Gi til trusopplæringsarbeidet her.

Du kan òg bruka konto 3290.58.78041.

Takk til alle som er med i givertenesten og dermed gjer at me kan ha tilsette som arbeidar med barn og ungdom i Time kyrkje og på Lye forsamlingshus!

Dersom du gir minst 500 kroner i løpet av kalenderåret, har du rett på å få skattefradrag for gaver inntil kr. 25.000. Ta kontakt med kyrkjekontoret viss du ønsker skattefradrag. Gir du via lenkene over, blir gåva automatisk registrert med skattefritak.

Dette er noko av det givertenesta dekker:
Me er stolte og takknemlege for ungdomsarbeidet vårt, med ungdomsarbeidar Else Iren Skretting og medhjelpar Alfred Undheim i spissen! Mellom 30 og 90 ungdommar frå heile Jæren kjem i lag på Lye forsamlingshus annankvar fredag til quiz, møte, lovsong, mat og moro.

Alle barn som er døypte, får med jamne mellomrom tilbod om å få vera med på spennande og kreative samlingar med Jesus-fokus, nokre i kyrkja, andre på Lye forsamlingshus. Trusopplærar Ragnhild Hanssen har blant anna ansvar for Babysong, Krøllekveld, Fireårsklubb, Tårnagenthelg, Undretur, Førsteklasses, Påskedrama, Pinsefart, På sporet av Jesus, Lys Vaken og Lye barnegospel.

Barne- og familiearbeidar Marianne Hauge har eit hovudansvar for søndagsskulearbeidet knytt til gudstenestene på Lye forsamlingshus. Me ønsker at barna skal veksa i tru på Jesus og kjenne seg heime i kyrkjelyden.

Eit nytt arbeid for 5.-7. trinn er starta opp på Lye forsamlingshus, og ungdomsleiar Oda Vik Straume har hovudansvar for å koordinera dette arbeidet. Annankvar onsdag rett etter skuletid får barna koma til kjekke samlingar med mat, andakt og aktiviteter og leik.

Takk!
Det du gjev er svært kjærkome, og bidreg til at barn og ungdom kan få bli betre kjende med Jesus. Bli med og snu pila rett veg, slik at me kan halda fram med det flotte arbeidet for barn og ungdom på Lye og i Time.
På førehand, tusen takk for gåva!

Lye distriktsutval og Time sokneråd

Tilbake