Barnekor


 

Me har fleire kjekke barnekor i kyrkjene i Time. Me inviterer 4-åringane på Undheim og 5-åringane i Time og Bryne til første korøving i haustsemesteret. Då får de mulighet til å vere med på ei øving for å sjå om dette er noko de har lyst til å halde fram med.

 

Lye barnegospel har øving kvar måndag (følgjer stort sett skuleruta) på Lye forsamlingshus kl 16.30-17.15 Tilbodet er for barn frå det året dei fyller 5 til og med 4. klasse. 

Lye Tweens øver også måndagar kl. 17.05-17.50. Tilbodet er for born frå 5.-8. klasse.

Les meir om Lye barnegospel og Lye Tweens her.

Supermix held til i Undheim kyrkje og har samlingar annakvar tysdag kl 1700-1800. I tillegg til song er det også andakt, hobby og andre aktivitetar. Samlingane er for gutar og jenter frå det året dei fyller 4 år.

Jungelkoret i Bryne kyrkje har øving annakvar torsdag kl 1715-1800. Les meir om Jungelkoret her eller følg koret på Facebook.

I Brynekyrkja har me og koret Allegro, for barn frå 3.-7. klasse. Les meir om Allegro her.

Tilbake