Allehelgen i Time kyrkje


Open kyrkje, Allehelgensgudst. og Minnegudst.

 

Open kyrkje 5. november

Kyrkja er open kl. 11.00-14.00

Program i kyrkjesalen kl. 12:00-13:00

Tenn eit lys:

Dagen før Allehelgens-sundag er ein dag då mange er ved grava for å minnast ein av sine nærmaste som er død. Derfor vil vi denne dagen ha kyrkja open slik at alle som ønskjer det kan få lov til å bruke kyrkja. Ein kan få sitje med seg sjølv i ro og ettertanke, med eigne tankar og minner. Vi er tilgjengelege for samtale for dei som ønskjer det. På kyrkjetorget, dvs. i tilbygget til kyrkja, vil vi ha ei ”varmestove”. Her kan du få ein kopp kaffi og litt å bite i. Vi har laga til eit bord der du kan tenna eit lys til minne om den som har døydd frå deg. Det vil og vera eit bord med litteratur som kan vera til hjelp.

Ord og tonar til håp og trøyst:

I løpet av denne tida då kyrkja er open, vil det vera ein times program i kyrkjerommet.

Kl. 12.00-13.00 med vekselvis diktlesing ved Heidi Strand Harboe og orgeltonar ved Per Olav Egeland.  

Tema for samlinga er ”Ord og tonar til håp og trøyst”.

 

Allehelgensgudsteneste 6. nov kl. 11.00

Allehelgen i sørgetonar og himmeltonar

Flott musikk m/ markering av nytt orgel.

v/ Stein Ødegård, Per Olav Egeland og Frode Skårland

 

Minnegudsteneste 6. nov kl. 19.00
Vi vil minnast dei som døde frå oss i 2021, namna blir lese opp og det blir tent lys. 15. januar 2023 vil vi minnast dei som døde i 2022.

Yngvar Nilsen og Maria Praxedes Slettebø leiar gudstenesta. Song av Shalom og munnspel ved Anne Kristine Røthing.

Alle er velkomne.

Tilbake