Ledig stilling - barne- og familiearbeidar på Lye


2. gangs utlysing, søknadsfrist 1. juni

 

Time sokneråd oppretter denne nye stillinga for å styrke søndagsskulearbeidet og bygge fellesskap mellom barnefamilier i kyrkjelyden på Lye. Den tilsette får vere med å skape eit miljø der barna kan få trivast og kjenner seg heime i kyrkjelyden.

Søknadsfrist:1. juni 2022

Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeidet med å utvikle og koordinere søndagsskulen på Lye i lag med frivillige
  • Delta aktivt i søndagsskulearbeidet med blant anna barneforkynning
  • Legge til rette for fellesskapsbyggande arbeid blant barnefamilier
  • Ha ansvar for Lykkeliten open barnehage i lag med frivillige (dagtid annankvar onsdag)
  • Samarbeide tett med trusopplæringa i Time sokn
  • Samarbeida med anna arbeid for barn på Lye
  • Rekruttere, utruste og vegleia frivillige medarbeidarar
  • Hjelpa barn å veksa i tru på Jesus og kjenne seg heime i kyrkjelyden

Endeleg stillingsbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som vert tilsett. Stillinga inneber arbeid ca. annankvar søndag, og ein må rekne med noko arbeid på kveld og helg.

Kvalifikasjonar

Ønskjeleg med

  • Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid. Annan utdanning eller erfaring kan kompansere for manglande utdanning.
  • Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru
  • Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Kreativ og nytenkande
  • Engasjert og initiativrik
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Strukturert med evne til å planlegga langsiktig
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn
  • Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige.
  • Kontaktskapande

Vi tilbyr

  • Ei interessant og utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
  • Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
  • Medlemskap i KLP
  • Fleksibel avspasering, høve til avspasering i skulen sine ferier
  • Jamnlege vegleiingssamtalar

Anna
Den som blir tilsett må legga fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Den som blir tilsett må dela Den norske kyrkja si tru og vedkjenning og vera medlem i Den norske kyrkja.

Oppstart 15. august eller etter avtale.

Søk her.

Spørsmål? Kontakt dagleg leiar Anna Bergitte Skårland 99026276.

Tilbake