Dåpskjoler til utlån


 

Me har to dåpskjoler til utlån frå Time kyrkjekontor. Den eine er strikka av Alpakka silke og er ei gåve me har fått frå onsdagsdamene på Time frivilligsenter. Den andre er ein gammal dåpskjole, gitt av Astrid Nåvik Braut. Den er sydd i tynt, fint bomullsstoff. Begge disse dåpskjolene er til gratis utlån på kyrkjekontoret. Kyrkjekontoret ordnar reingjering, så det er berre å henta og levera. Ring 51 77 03 77 - kyrkjekontoret, i Erlandsbakken 6.

Tilbake