Helgestilling kyrkjetenar helger og høgtider i Time kyrkje
Søknadsfrist 15. april 2024
Vår gode medarbeidar flytter vekk, og vi er difor på jakt etter ein person som kan ta over som kyrkjetenar i Time kyrkje i helger og høgtider.
Stillinga inneber arbeid ved gudstenester og evt. vigsler ca. annakvar helg. I tillegg kan det dukka opp behov ved sjukefråvær og feriar. Du må ha litt teknisk innsikt då kyrkjetenar har ansvar for å styra lyd og bilete. I tillegg må du ha ein viss sans for å halda det reint og ryddig.
Er du interessert i denne stillinga, send ein e-post til kyrkjekontoret@time-kyrkja.no innan 15. april.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med kyrkjeverje på tlf. 909 88 880