Støttegruppe for barn/ungdom - Ei hjelp i sorga


For barn og ungdom frå 4. – 10. klasse som har mista foreldre eller sysken i dødsfall

- Tilbodet er gratis og livsynsopent. 

Hånd i hånd

UNG SORG

FOR KVEN 

PRIS

PÅMELDING

KVAR ER SAMLINGANE 

OPPSTART OG GJENNOMFØRING

KVA ER EI STØTTEGRUPPE

OM GRUPPENE

 

UNG SORG:

Sorg er ingen sjukdom. Men det kan gjere forferdeleg vondt. Sorga kan setje i gang tankar, kjensler og veremåtar som kan virke ubegripelege, rare, uvante eller skremmande. Sidan me ikkje kan forhindra tap, må me heller prøve å hjelpa barnet ved å vise respekt for tapsopplevinga og hjelpe til med å finne uttrykk for følelsane.

 

KVA ER EI STØTTEGRUPPE?

Det er ei samtalegruppe med andre på same alder som også har opplevd å mista anten foreldre eller sysken i dødsfall. Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap der det er rom for å setje ord på kjensler, tankar og reaksjonar som sorga fører med seg. Kvar enkelt bestemmer sjølv kva han/ho vil dele, og me vil alltid oppfordra barna/ungdommane til å respektera kvarandre gjennom at ein ikkje fortel vidare det som blir delt i gruppa. Me har lov til å vera både glade og leie oss i lag.

  • Ei sorggruppe gir høve til å treffe andre som er i same situasjon. Barn og ungdommar er ofte åleine i si sorg, og det å få høve til å treffa andre i same livssituasjon kan vere til god hjelp. 

 

PÅMELDING:

For påmelding og/eller informasjon, ta kontakt med diakonen i din lokale kyrkjelyd, eller direkte til diakon i Bryne: Marit Høie Hetland, marit@timekyrkja.no tlf. 911 63 039.     

Løpende påmelding 

  • Barnet/ungdommen blir saman med ein forelder/føresett invitert til ein oppstartssamtale før gruppa startar. Der får me bli litt kjent med kvarandre.

 

OM GRUPPENE:

  • Oppstart . Så snart gruppa har nok deltakarar. Alle gruppemøta blir på måndagar.
  • Gruppa møtes 8 gonger i løpet av ein periode på ca. 4 månader.
  • Alle gruppemøta blir anten i skuletida eller rett etter skuletid, og fråvær blir avtala med skulen.
  • Planen er å ha to grupper, ei frå 4.-7. klasse og ei frå 8.-10. klasse, men gruppesamansetning og tidspunkt blir endeleg avklart etter påmelding.
  • Stad: blir avklart når ein ser samansetningen i gruppa. 
  • Transport til og frå gruppa blir avtala med kvar enkelt.
  • Me har alltid eit måltid mat saman.
  • Det blir brukt ulike typar leik, teikning og hobbyaktivitetar for å styrke samtalen om tema omkring sorg og død. På den måten ønskjer me å gje barna og ungdommane rom for å sørgje, og å hjelpe til med å få gitt uttrykk for sine tankar, kjensler og reaksjonar.

 

PRIS

Tilbodet er gratis 

 

FOR KVEN:

  • Gruppene er livssynsopent.
  • Gruppene er opne for alle, uansett kva livssyn og tilknyting til kyrkjesamfunn.
  • Sorggruppene blir organisert av diakonane i Den norske kyrkja på Jæren, Sandnes og Sola.
Tilbake