Weekend for alle generasjoner frå Lye forsamlingshus og Time kyrkje med mykje drøs, leik og moro, og samtidig alvor og tid til å søke Gud i lag.
Det blir eit variert program som passar for born, ungdom og vaksne. Tidvis er vi i lag, alle, og nokre gonger har ungdommane og borna eige opplegg. Ann-Carina og Leif Egil Rønaasen Reve blir med oss, og skal ha spennande og kjekt opplegg for oss på weekenden.
Leirplassen Lunden i Sokndal inneheld blant anna aktivitetshall, badeplass, fotballbane, kanoar, trøbåter, flott natur og kiosk.
Under finn du informasjon om:
Frist for påmelding er 1. september til abs@timekyrkja.no eller tlf. 990 26 276
Fredag 15. september
- Innkvartering kl. 18-19
- Mat
- Samling
- Kaffi/kaker
Laurdag 16. september
- Frukost
- Føremiddagssamling og aktivitetar
- Fritid
- Middag
- Underhaldningskveld
- Kaffi/kaker
- Kveldssamling
Sundag 17. september
- Frukost
- Gudsteneste
- Heimreise ca. kl. 13
Me har ulike prisalternativer slik at flest mogleg kan delta.
- Normalpris er det som gjeld dei aller fleste:
- Kr. 1000 pr vaksen, kr. 500 pr barn/ungdom (0-4 år gratis)
- Maks pr familie: kr. 2500
- Solidaritetspris er for deg som har moglegheit til å dela slik at andre kan bruka minstepris.
- Kr. 1500 pr vaksen, kr. 750 pr barn/ungdom (0-4 år gratis)
- Minstepris Kr. 500 pr vaksen, kr. 250 pr barn/ungdom (0-4 år gratis)
Leif Egil vart kristen for åtte år sidan gjennom ei veldig spanande trusreise. Han elskar å formidle til både ungdom og vaksne, og står stadig i ein posisjon kor ein kan grilla han skikkeleg. Då er han i sitt ess. Leif jobbar som ungdomsleiar i Torridal kyrkje, er høgskulelektor på NLA høgskulen Gimlekollen og held foredrag utanom. Han er altså ein travel sørlending med eit brennande engasjement! Han er jo òg gift med Ann-Carina.
Funfact om Leif: Hans favorittdyr er nebbdyret!
Ann-Carina har vore kristen heile livet og er nærast vokst opp på menighetshuset som lå berre 50 meter unna heimen hennar. Nå jobbar ho i Hægeland kyrkje som barne- og ungdomsarbeidar og i Hellemyr kyrkje som ungdomsarbeidar og trosopplærar. Ho brenn for sjelesorg, at kyrkja skal vera ein trygg og morosom plass for barn og unge og ho diggar jobben sin!
Funfact om Ann-Carina: ho må synge gangetabellen i hovudet kvar gong ho skal gange noko