Det er kyrkjeval 11. september 2023. Det skal veljast representantar både lokalt (Time sokneråd), regionalt (Stavanger bispedømmeråd), og nasjonalt (Kyrkjemøtet). Les meir her om valet, førehandsrøysting og kandidatlistene.
Dei som er over 15 år eller eldre og medlem i Den norske kyrkja kan stemme ved kyrkjevalet.
Du kan sjekke om du er medlem på kirken.no/medlem. Her kan du òg melde deg inn. Du kan stemme ved soknerådsvalet i det soknet du er registrert.
Du kan førehandsstemme i fysisk lokale 10. august til 8. september. Den digitale førehandsstemminga er open frå 10. august til 6. september.
- Ønsker du å stemme digitalt, logg deg inn på www.kirkevalget.no og avlegg di stemme.
- Ønsker du å førehandsstemme i fysisk lokale, kan du gjere dette på kyrkjekontoret (Erlandsbakken 6, Bryne) mellom kl. 09.00 til 14.00 måndagar til fredagar frå 10. august til 8. september, samt siste torsdag i august - 31.8.23 kl. 15.00 - 20.00.
- Du kan førehandsstemme etter desse gudstenestene:
- 13.08. kl. 10.30 i Time kyrkje
- 20.08. kl. 10.30 på Lye forsamlingshus
- Skal du førehandsstemme i anna sokn enn der du er registrert, må dette gjerast seinast 1. september.
For meir informasjon om lister, supplerande nominasjon og valet generelt, sjå www.kirken.no/valg og heimesida til din lokale kyrkjelyd:
Her er den godkjente lista til valet til Time sokneråd:
- Marianne Hauge, født 1982 (Lye - bygda)
- Willy Finnbakk, født 1958 (Løge)
- Jorunn Midbrød Ueland, født 1966 (Lye)
- Sverre Risa, født 1954 (Lye)
- Harald Auestad, født 1976 (Lye)
- Martin Berge, født 1997 (Lye)
- Steinar Knutsvik, født 1988 (Lye)
- Trond Sverre Heskestad, født 1949 (Lye)
- Ingrid Eikeland, født 1948 (Eikeland)
- Bjørn Håland, født 1949 (Eikeland)
Her kan du lesa meir om kva kvar av kandidatane ønsker å arbeida for.
Det vert opna for supplerande nominasjon fram til 15. mai kl 12.00. Dette betyr at fem stemmeberettiga forslagsstillerar kan fremme nye namn som dei meiner bør vera på lista.
Sjekk kirken.no/valg for reglar rundt dette eller om du har andre spørsmål om kyrkjevalet.