Oppdatert info om koronasituasjonen


Her blir oppdatert info frå kyrkjekontoret lagt ut jamnleg. I tillegg kan de sjå kyrkjene sine facebooksider for informasjon om arrangement, avlysingar og kontakt.

 

Samfunnet vert gradvis opna opp igjen, og det vert no planlagt arrangement med inntil 200 deltakarar. Sjå annonsar i Jærbladet og kyrkjene sine heimesider for info om tid, stad og retningslinjer ifm gudstenester.

Sjølv om ein no har opna for inntil 200 deltakarar vil storleiken på rommet eller kyrkja avgjere kor mange som faktisk kan vere til stades. Dette fordi ein skal overhalde 1 meters avstand mellom folk i forskjellige husstandar.

Er du usikker på om eit arrangement du hadde tenkt deg på vert avlyst kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf 51 77 03 77.

Kyrkjekontoret er opent som vanleg, kvardagar 9-14.

Barnehagane er opna i tråd med nasjonale retningslinjer.

Denne artikkelen vert oppdatert etterkvart som ny informasjon vert tilgjengeleg.

Tilbake