Digital trusopplæring


Her legg me ut info om korleis me formidlar trusopplæring via digitale plattformer i tida me no er inne i.

 

Me som jobbar i trusopplæringa ønskjer fortsatt å vere til stades for born og unge, sjølv om me ikkje har dei vante treffpunkta lenger. Me bruker facebooksidene våre aktivt, og legg mykje informasjon ut der. Der kan de finne samlingsstunder for borna, og me deler mange kjekke lenker og tips for å hjelpe til med trusopplæring i heimane, og for å gje born og unge noko kjekt og spennande å vera med på.

Me brukar også ulike sosiale media til å nå born og unge på. Me har babysong på messenger og me har gruppesamlingar via ulike videokonferanseappar. Alt dette finne de info på på facebook-sidene våre:

Time og Undheim

Brynekyrkja

Godt nytt for born

Me legg jamnleg ut små samlingar på facebooksidene våre. Desse kallar me "Godt nytt for born". Alle samlingane er også å finne på "Den norske kyrkja i Time" sin youtubekanal. Det kan vere eit tips å abonnere på denne kanalen, så vert de oppdaterte når det vert lagt ut noko der.

Pinsefart

I mai og juni skulle me hatt kjekke samlingar med 2. klassingane, der me hadde fokus på kristi himmelfartsdag og pinse. Me kallar det Pinsfart. I år er alle inviterte til Pinsefart på digitale media. Me har laga ei samling om Kristi himmelfartsdag og ei samling om pinse. Begge desse vert lagde ut på facebook og youtube. Me håpar mange vil klikke seg inn og sjå desse samlingane!

Elles vil me også tipse om andre kjekke ressursar som er å finne på nettet. Her er til dømes eit kjekt opplegg for heimepinse med born.

Tilbake