Velkomen til vigsel!


Å inngå ekteskap er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjent vigslar skal erklære at ekteskapet er gyldig. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ynskjer dette. Dei kan seie ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades, eller med kyrkja full av gjester. Har dei allereie gifta seg i borgarleg samanheng, tilbyr kyrkja å feire dette med forbøn for inngått ekteskap i ein eigen seremoni i kyrkjerommet.

 

I Time, Bryne og Undheim kyrkje har me vanlegvis ope for vigsel kvar lørdag kl.12.45, 14.00, 15.15 og 16.30. Ved interne arrangement i kyrkjene, kan enkelte datoar vere utilgjengelege. Bestilling går til Time kyrkjekontor på telefon 51 77 03 77 eller e-post ekspedisjon@timekyrkja.no .

Om ein eller begge av brudefolka bur i, eller kjem frå, Time kommune og er medlem av Den norske kyrkja, betaler ikkje brudeparet for å gifte seg hjå oss. Då stiller me med både kyrkje, prest, organist og kyrkjetenar gratis.

For brudefolk som kjem frå andre plassar i landet eller ikkje er medlemmar, gjeld følgjande satsar:

  • Kyrkje m/ kyrkjetenar        3000,-
  • Organist                               2000,-
  • Prest                                     3500,-

 

Prestane i Time har turnus for kven som har teneste i vigslane. Brudepara får tildelt prest til sin vigselsdato ut frå denne turnusen. Dersom nokon ynskjer annan prest enn den som har teneste i Time, må den aktuelle presten ha vigselsrett i Den norske kyrkja og det må avklarast i god tid. Brudeparet eller presten sjølv må då kontakte lokal sokneprest via Time kyrkjekontor for avklaring om vigselsløyve.

Ved ynskje om vigsel andre stader enn i kyrkjene, må søknad om godkjenning av vigselsstad sendast på e-post til Prosten i Jæren: prosten@timekyrkja.no .

 

Prøvingsattest

Skjema som må fyllast ut for prøving av ekteskapsvilkåra før vigsel mellom to norske statsborgarar, er eigenerklæring frå brudefolka og forlovarerklæring. Dersom begge brudefolka og begge forlovarane har norsk personnummer eller D-nummer, kan skjema fyllast ut på Skatteetaten sine nettsider her.

For vigsel mellom norsk og utanlandsk statsborgar, finn de aktuelle skjema her.

Når saka er ferdig behandla, får de tilsendt prøvingsattest som viser at det juridiske er i orden. Denne får de normalt tilsendt i Altinn, men per brev om de har reservert dykk mot digital post. Forventa behandlingstid er 2-3 veker. Attesten er gyldig i 4 månader frå utskriving og de er sjølve ansvarlege for at den sendast til kyrkjekontoret på e-post ekspedisjon@timekyrkja.no eller som brevpost til Time kyrkjekontor, Postboks 373, 4349 Bryne.

Om nokon vil endre namnet sitt i samband med giftarmålet, finn de skjema for dette på Skatteetaten sine nettsider under Folkeregister - Registrere og endre opplysninger i Folkeregisteret.

 

Forbøn for inngått ekteskap

Alle par som har gifta seg borgarleg, er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet. For dette har kyrkja eigen liturgi: Forbøn for inngått ekteskap 2003 (nn) / Forbønn for inngått ekteskap 2017 (bm).

 

Vigsel av likekjønna

Time kyrkjekontor tek imot bestillingar av vigsel eller forbønn for borgarleg inngått ekteskap av likekjønna par i alle våre kyrkjer. Prost og kyrkjeverje er ansvarlege for å sette inn vikarprest dersom tilsette reserverer seg eller har frihelg/ferie, slik at alle bestilte vigslar vert gjennomførte.

Kyrkjemøtet vedtok i 2017 ein ny liturgi – Vigsel 2017 - som kan nyttast både av likekjønna og ulikekjønna par. Den norske kyrkja har etter dette to liturgiar for inngåing av ekteskap. Vigsel 2003 gjeld framleis berre for ulikekjønna par.

 

Vigselsseminar

Kvar vår – før bryllupssesongen - vert årets brudepar i Time, Hå og Gjesdal inviterte til felles vigselsseminar i Bryne kyrkje saman med prosten i Jæren, organisten i Bryne og sekretær frå Time kyrkjekontor. Der får dei generell informasjon om førebuing til vigsel, organisten speler eit utval av bryllupsmarsjar og salmar, og det blir gjennomgang av dei ulike delane av sjølve vigselsseremonien.

 

Vigselssamtale

Når bryllupsdagen nærmer seg, tek presten kontakt med brudeparet og avtaler tidspunkt for vigselssamtale. Vanlegvis inviterer dei til samtale 1-2 månader før vigsel.

 

Musikk

Musikk til seremonien avtalast direkte med organist. Brudeparet kan ta kontakt med kyrkjekontoret 3-4 månader før vigsel for å få kontaktinformasjon til organisten som skal spele i deira vigsel. Dersom brudeparet ynskjer å bruke eigne musikarar, kan dei det. Sjå forslag til salmar og bryllupsmarsjar her.

 

Deltaking under vigsel

Bryllupsgjester kan delta med musikalske innslag og tekstlesing. Dette avtaler brudeparet med presten i vigselssamtalen. Organistane kan spele til solosong dersom det vert avklart i god tid før vigsel.

 

Pynting og sangark/vigselsprogram

Brudeparet er sjølv ansvarlege for eventuell pynting i kyrkja og for å få trykka sangark/vigselsprogram. Salmebøker i kyrkja kan nyttast om ein ynskjer. Sidan me ofte har fleire vigslar på rad same dag, må eventuell pynt vere enkel å få raskt på plass rett før vigsel og fjernast umiddelbart etterpå. Sjå meir info om pynting til vigsel i kyrkjene i Time her.

 

Lykke til med førebuingane!

 

For utfyllande informasjon frå Den norske kyrkja sine nasjonale nettsider, følg lenkene under:

Slik foregår vigselen

Vigselsliturgien

Sett ditt personlige preg på bryllupet