Info om koronasituasjonen


oppdatert 15.01.22

 

Gudstenester, dåp, vigsel og gravferd blir gjennomført med god avstand, registrering av alle som kjem (namn, telefon og plassering) og tilvising av plassar. Nokre gudstenester blir med førehandspåmelding for at det skal gå fortare å få plassert dei som kjem. Det er tillatt med maks 200 deltakarar i gudstenester, dåp, vigsel og gravferd, men kyrkjerommene har ulike maksgrenser, alt etter kor stort rommet er:

Bryne: 200
Undheim: 100
Time: 130

Det er påbudt med munnbind når ein ikkje klarar å halde 1 meter avstand. Kyrkja anbefalar munnbind når ein kjem inn og når ein går ut.

Det meste av arbeidet for barn og ungdom blir gjennomført som normalt, men med maks 20 deltakarar.

Følg med på digitale samlinger på digikyrkja.no.

Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf 51 77 03 77.

Tilbake