Informasjon


Dåpspåmelding

For å opne nytt påmeldingsskjema (klikk på "Ny registrering" nedst på sida), treng du eit 11-sifra fødselsnummer. Dersom du ikkje har barnet sitt fødselsnummer, kan du bruke ditt eige. Du vil motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.

Når du har logga inn, vel du ynskja kyrkje og dato for dåp. I fyrste omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til foreldre/føresette. Er namn på barnet enno ikkje bestemt, kan du likevel sende inn skjemaet.

Når påmeldinga er registrert hjå oss, vil du motta stadfesting per sms eller e-post. Du kan seinare gå til "Jeg vil åpne en registrering" og oppdatere innhaldet i skjemaet, t.d. skrive inn namn på fadrar. Bruk same fødselsnummer og telefonnummer som ved fyrste innlogging.

Alle som bestiller dåp av barn i Time, Bryne eller Undheim kyrkje, må framvise kopi av Bekreftelse av fødsel og namn i Folkeregisteret. Ta kontakt med administrasjonssekretær på Time kyrkjekontor (tlf. 51 77 03 77) dersom det skulle vere spørsmål knytt til dette.

Opplysningane me samler inn i samband med dåpen, vil nyttast for oppfølging av den kyrkjelege handlinga. Dersom ein ikkje ynskjer at namnet på den døypte skal publiserast i kyrkjelydsbladet etter at dåpen har funne stad, kan ein melde dette til administrasjonssekretær ved kyrkjekontoret eller presten ein har dåpssamtale med.

Kyrkjekontoret har to dåpskjolar til gratis utlån. Klikk her for meir informasjon om dåpskjolane.